Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Ungdomsheim

Bryggen Hotell Nordfjord, tidlegare Nordfjord Ungdomsheim og Hoddeviks Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bryggen Hotell Nordfjord, tidlegare Nordfjord Ungdomsheim og Hoddeviks Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Ungdomsheim vart grunnlagt i 1947 på Nordfjordeid av Norges Kristelege Ungdomsforbund.
På folkemunne vart pensjonatet kalla ”Heimen”. NKUF overtok Nilsens pensjonat i Almenningshola, eit pensjonat som hadde vore driva av Magnhild Nilsen. Opphaveleg var dette Hotell Bellevue som Lars Pederson Navelsaker hadde bygd på Grodås i Hornindal ein gong på 1870-talet, men som no var teke ned og flytta til Nordfjordeid.

NKUF bygde nytt hotell i 1960, det vart seinare mykje utvida til tre etasjar. I 1982 vart det kjøpt av Harald Hoddevik, og fekk namnet Hoddeviks Hotell.

I 2005 overtok John Olav Lefdal hotellet. Etter opppussing vart det opna på nytt med 40 doble rom i 2006, og fekk no namnet Bryggen Hotell Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.01.2011