Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjordeid Sanitetsforening

Utdeling av suppe på Eids Gymnas under andre verdskrigen.

Utdeling av suppe på Eids Gymnas under andre verdskrigen.

Nordfjord Sanitetsforening vart skipa i 1923, og fekk 75 medlemmer det første året.
I 1924 skipa laget barneforening.

Foreninga fekk m.a. starta skuletannrøkt, spedbarnkontroll og kjøtkontroll, og kjøpte inn mykje utstyr til heimesjukepleie. Under 2. verdskrig delte laget ut tran og suppe til skulane.

Sanitetslaget bygde også opp eit beredskapslager med senger og anna sjukehusutstyr, og samla inn pengar til sjukebilar ved Nordfjord Sjukehus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011