Hopp til innhold
X
Innhald

Normatic AS

Normatic sitt nybygg på Nordøyrane før innflyttinga i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Normatic sitt nybygg på Nordøyrane før innflyttinga i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Normatic AS er ei teknologiverksemd som vart skipa på Nordfjordeid i 1998 av Hans Inge Solheim, Einar Løken m.fl.

Verksemda har spesialisert seg på utvikling av databaserte automasjonssystem for vatn og avlaup, og har avdelingar i Førde og Lillehammer. I 2005 hadde verksemda ei omsetning på 30 millionar kroner og 25 tilsette.

Normatic tok i bruk eige kontorbygg på 600 kvm på Nordøyrane i 2008.

I 2012 var talet på tilsette auka til 50. Av desse held 37 til på Nordfjordeid, resten på avdelingar i Førde, Lillehammer og Oslo. Normatic AS omsette for 55,5 millionar kroner i 2012.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.09.2013