Hopp til innhold
X
Innhald

Norsk Fjordhestsenter A/S

Norsk Fjordhestsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norsk Fjordhestsenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Norsk Fjordhestsenter A/S vart grunnlagt i 1984 i privat regi av Anders Lefdal (sjå også Forretningsfamilien Lefdal).

Det vart investert 3,5 mill. kroner i stallar, ridehall m.m. på Myroldhaug ved Nordfjordeid. Lefdals ridesenter gjekk etter ei tid konkurs, og med innsats m.a. frå fjordhestmiljøet, vart det nye driftsselskapet Norsk Fjordhestsenter A/S skipa i 1989.

Ved Fjordane Folkehøgskule har hestestell og dressurriding vore teke inn i fagkrinsen, m.a. i den sirkus-utdanninga som skulen har drive. I 2007 investerte fjordhestsenteret 5,2 millionar kroner i ny ridehall og internasjonal seminstasjon.

- Les elles meir om fjordhesten under Sogn og Fjordane fylke – Landbrukshistoria: Historia om fjordhesten og hesteavl

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.01.2011