Hopp til innhold
X
Innhald

North Cape Minerals

Gruveinngangen til North Cape Minerals i Lefdal. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

Gruveinngangen til North Cape Minerals i Lefdal. Foto: Asgeir Reksnes, NRK.

North Cape Minerals er eit gruveselskap med hovudkvarter i Bærum som driv utvinning av olivinstein frå gruvene i Lefdal, og med knuseverk og utskipingskai på Kalneset ved Bryggja.

North Cape Minerals er 84 % amerikansk eigd, og selskapet driv elles gruver i Alta (nefelinsyenitt), Lillesand (kvarts og feltspat) og i Foshamar i Sverige (feltspat).

I 2001 overtok dette selskapet 49 prosent av aksjane i det statseigde A/S Olivin på Åheim. Olivingruva i Lefdal vart starta i 1971 av den Oslo-eigde bedrifta Norddal Olivin AS. Bak dette selskapet stod Oslo-firmaet Bjørum & Bjølgerud.

I 1987 overtok Frantzefoss Bruk gruvene i Lefdal og utskipingsanlegget på Kalneset, og sidan 1995 er det North Cape Minerals som har eigd gruva og anlegga i Nordfjord.

I 2009 vedtok bedriftsforsamlinga i North Cape Minerals å stanse drifta i gruvene i Lefdal i fem år. Dei 23 tilsette vart då ståande utan arbeid.

I 2010 skifta North Cape Minerals namn til Sibelco Nordic AS.

Utskipingsanlegget på Kalneset ved Bryggja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utskipingsanlegget på Kalneset ved Bryggja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 02.11.2011