Hopp til innhold
X
Innhald

Odd-Erik Lothe

Odd Erik Lothe. Foto: Simon Solheim, NRK.

Odd Erik Lothe. Foto: Simon Solheim, NRK.

Odd Erik Lothe fødd 1972 i Kjølsdalen, busett i Røyken. Lærar og musikar. Utdanna seg som lærar i Sogndal. Vokalist og gitarist i visepopgruppa Fabel, og var den som skreiv gruppa sine tekstar og komponerte melodiane. Fabel er den musikkgruppa frå Sogn og Fjordane som har markert seg sterkast nasjonalt, og har m.a. vore nominert til Spellemannsprisen 1997 og Årets beste album 1997 og 1999 på NRK P1. Gruppa vart tildelt Fylkeskulturprisen i 2002, og fleire av medlemane har fått tildelt fylkeskommunale studiestipend.

Han var seinare med i gruppa Green Granadas. I 2012 gav han ut cd-en ”Blå song” med bandet Lothe.

Odd Erik Lothe har og vore med på radio- og TV-programmet Radio Røynda, m.a. saman med Finn Tokvam.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 05.12.2013