Hopp til innhold
X
Innhald

Øien Båt AS

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1959 starta Leif Øien og Olav Bakke produksjon av fiberarmerte line- og saltestampar på Stårheim. Dei heldt til i ein fabrikkbygning på Ålundsneset.

I 1964 starta Leif Øien sitt eige firma, Øien Fiberplast, og flytta produksjonen til heimegarden på Hamrane. Olav Bakke heldt fram med produksjonen på Ålundsneset i nokre få år etter under firmanamnet Stårheim Plastindustri, før han la ned.

I tillegg til dei tradisjonelle produkta, vart Leif Øien ein pioner i produksjon av safttankar i fiberarmert plast. I 1967 starta han produksjon av plastbåtar.

I 1978 bygde Øien ny produksjonsbygning slik at det samla arealet kom opp i 750 kvadratmeter. Sonen Arild Øien tok over som dagleg leiar i 1985, og verksemda bytte namn til Øien Båt AS. Verksemda har sysselsett opptil 12 personar.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.02.2012