Hopp til innhold
X
Innhald

O.K. Osnes

O.K. Osnes dreiv landhandel og kjøtforretning i denne trebygningen. I murbygningen på baksida var det slakteri. I det vesle huset til venstre hadde Isak Hellebust fotoatelier.

O.K. Osnes dreiv landhandel og kjøtforretning i denne trebygningen. I murbygningen på baksida var det slakteri. I det vesle huset til venstre hadde Isak Hellebust fotoatelier.

Knut K. Osnes d.e. starta med landhandel og kjøtvarebutikk ved Eidsgata i 1910 og bygde ny forretningsgard med eige slakteri i 1914.
Sonen Olav K. Osnes tok over i 1916. Seinare vart det bygt eit stort slakteri i betong ned mot sjøen.

Forretninga vart avvikla på 1970-talet. Familien bygde og dreiv ei tid Sjøsanden Kro ved prestegarden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011