Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Knutson Hjelle

Ola Knutson Hjelle (1863–1949) frå Hjelle. Bonde og dyrlege.

Etter å ha gått to vintrar som læregut hos ein fullt utdanna veterinær fekk han tilsetjing som den første dyrlegen i Nordfjord. Han praktiserte som dyrlege for heile Nordfjord heilt til Einar Sorterup tok over stillinga i 1912. Hjelle heldt fram som dyrlege i Eid kommune fram til kommunen fekk tilsett fullt utdanna dyrlege.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.03.2008