Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Olson Hjelle

Ola Olson Hjelle (1813–1898) frå Hjelle. Bonde og bygdekunstnar.

Han var ein særs dugande rosemålar som dekorerte kister, korger og ølbollar. Ølbollerima dikta han sjølv, og var kjend som opphavsmannen til ei mengd såkalla bygderim om folk og lynne i Eidsbygda.

To andre kjende bygdekunstnar og rosemålarar, Gjert Martinusson Flatin, fødd 1836, og dottera Brite fødd 1869, budde på granne garden Reinane, og Hans Sivertson Leivdal (1889–1939) frå nabogrenda Leivdal var også ein kjend rosemålar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2008