Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Larsson Os

Olav Larsson Os (1882-1953) frå Nordfjordeid. Bondeparti-politikar og organisasjonsmann.

Olav Larsson Os (1882-1953) frå Nordfjordeid. Bondeparti-politikar og organisasjonsmann.

Utdanna på Vinterjordbruksskulen i Oslo. Vararepresentant for Bondepartiet på Stortinget 1928-1949. Møtte fast på Stortinget 1928-1930 etter at Anfin Anfinson Øen frå Vik døydde. Os var ordførar i Eid 1935–1942 og i 1947. Han var rådsmedlem i Vestlandske Salslag frå skipinga i 1920 til 1953, og var styremedlem i Vestlandske Kjøpelag, grunnleggjar av Fjordane Reveavlslag og formann i fleire år i Noregs Sølvrevsavlslag. Han var elles styremedlem i Nordfjord sjukehus og i styret for dei fylkeskommunale husmorskulane i Stryn og Kroken.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011