Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Hansen Lund

Ole Hansen Lund (1848–1937) frå Stårheim. Fylkesgartnar og bonde.

Agronomeksamen frå Mo jordbruksskule. Lærling ved Botanisk hage i Oslo 1870–1872. Arbeidde også som praktikant hos handelsgartnar Nilsen i Oslo. Utdanninga i Oslo var kosta av Nordre Bergenhus Landhusholdningsselskab (Landbruksselskapet), som i 1872 tilsette Lund som den første fylkesgartnaren for Nordfjord og Sunnfjord. (Sjur Fuhr frå Luster var i 1864 tilsett som fylkesgartnar, men arbeidde i hovudsak i sognebygdene).

Fylket kosta også på Lund eit kurs i korgfletting slik at han kunne drive undervisning i korgfletting i vinterhalvåret når det var lite å gjere i hagebruket. Ole H.Lund var fylkesgartnar til 1886, då han vart gardbrukar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011