Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Kr. Lefdal

Ole Kr. Lefdal (1862–1952) frå Lefdal. Skipa  i 1898
Lefdals fiskeriselskap.

Ole Kr. Lefdal (1862–1952) frå Lefdal. Skipa i 1898 Lefdals fiskeriselskap.

Lefdals Fiskeriselskap var eitt av pionèr-selskapa i overgangen frå segl til motordrift i fiskeflåten i Sogn og Fjordane. Både Ole Kr. Lefdal og Lars P. Lefdal som også slo seg stort opp på fiskeri i Måløy, var bondegutar frå den vesle bygda Lefdal lengst vest i Eid kommune.

I 1899 kjøpte Lefdals Fiskeriselskap fiskedampskipet D/S «Egil» for havfiske på Storegga og andre havbankar. «Egil» var 75 fot lang og gjorde 8,5 mils fart. Eit par år seinare kjøpte dei også fiskedampskipet «Skallagrim». Selskapet vart oppløyst i 1911.

Ole Kr. Lefdal gjekk seinare over til eige firma med fiskeeksport, kolhandel m.m. Han åtte då fiskedampbåten «Thorulf», og var medeigar i «Siger», den første fiskebåten med oljemotor i Måløy. Han var også med og starta hermetikkfabrikken Moldøen Canning Co. (sjå under Fiskeriverksemder i Vågsøy) saman med Hans Søreide og Ulvesund Fiskeguanofabrik på Trollebø, seinare Ulvesund Formelfabrikk. Ole Kr. Lefdal gjekk konkurs under krisa på 1920-talet. I 1930 selde han sjøbua si i Deknepollen til Gerhard Voldnes, som der starta Måløy Sildoljefabrikk A/S.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.03.2008