Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Sverre Haga

Ole Sverre Haga. Foto: Tormod Flatebø.

Ole Sverre Haga. Foto: Tormod Flatebø.

Ole Sverre Haga fødd 1941 i Fetsund, busett på Stårheim. Barnelege.

Utdanna lege i Tyskland 1969. Arbeidde m.a. ved Ålesund sjukehus 1971–1974, der han starta undervisning av nybakte mødre. Distriktslege i Eid 1976. Tilsett som barnelege ved Nordfjord sjukehus 1977–2005, derav to år som sjeflege. Skulelege ved Søreide kompetansesenter og spesialskule, Sandane, i 15 år.

Haga har vore ein pionér i utviklinga av områdepediatri, og starta ei tverrfagleg, nasjonal gruppe for førebyggjande helsearbeid for barn og ungdom. Han har m.a. vore gjesteførelesar ved norske universitet. Gav i 1995 ut boka «Hverdagspediatri».

Æresmedlem i den norske barnelegeforeninga i 2006, og tildelt Kongens fortenestemedalje i gull 2006.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011