Hopp til innhold
X
Innhald

Oliver H. Langeland

Bøker som skapte rabalder

Oliver H. Langeland (1887-1958) frå Nordfjordeid. Offiser og motstandsmann. Han var ein av svært få norske offiserar som var uteksaminert frå Krigsskulen si øvste avdeling, og som kjempa aktivt mot dei tyske okkupantane og medløparane deira under andre verdskrig. Han var Milorg-sjef i Oslo og Akershus, og leia landets største og mest slagkraftige avdeling frå 1942 til han seinsommaren 1944 måtte flykte frå landet.

Bøker som skapte rabalder

Langeland vart sterkt kritisk til det norske landssvikoppgjeret, og etter krigen gav han ut bøkene "Dømmer ikke" og "For at I ikke skal dømmes". Han meinte mellom anna at det burde reisast riksrettssak mot regjeringa Nygaardsvold. Dette grunngav han hovudsakleg utfrå at Nygaardsvold-regjeringa langt på veg la landet ope for tysk okkupasjon gjennom mangel på norsk militær mobilisering. Han meinte også at det ikkje var likskap for lova i landssvikoppgjeret. I staden for å straffe passive NS-medlemmer, burde folk innan politiet, kyrkja, embetsverket og politikken som samarbeidde tett med tyskarane vore straffa, meinte Langeland. Han viste mellom anna til at lovene mange av dei passive NS-medlemmene vart dømde etter, ikkje var gyldige fordi lovene var gitt tilbakeverkande kraft.

Bøkene til Langeland skapte eit voldsomt rabalder. Regjeringa frykta mellom anna at kritikken frå Langeland skulle velte heile landssvikoppgjeret. Riksadvokaten tok ut tiltale mot Langeland, og det vart rettssak. Langeland vart frikjend, men enkelte av påstandane i boka vart kjende ugyldige. Bøkene måtte difor inndragast, men Langeland var ikkje villig til å gje ut nye bokversjonar der påstandane var endra.

"Oppveksten på vestlandsgården, sammen med mine sterke, energiske foreldre har gitt min karakter et preg som visstnok er sterkere enn alle senere påvirkninger", skreiv han mellom anna. Regjeringa frykta at Langeland sin kritikk skulle velte heile landssvikoppgjeret. Difor måtte forfattaren kneblast og bøkene han gav ut like etter krigen dragast inn, hevdar forfattar Arvid Bryne i boka "Krig og sannhet Langelandsaken og landssvikoppgjøret" som vart gitt ut før jul i 2012. Bryne gjev Langeland full oppreising i boka.

Øystein Hetland, forskar og stipendiat ved Holocaust-senteret i Oslo, meiner på si side at Langeland gjekk for langt i kritikken av rettsoppgjeret. Oliver Langeland var ein konservativ nasjonalist som like etter krigen bar preg av eit voldsomt hat mot Nygaardvold-regjeringa. Det sterke agget mot Ap-regjeringa gjorde at han var altfor unyansert i kritikken sin, seier Hetland.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 12.06.2013