Hopp til innhold
X
Innhald

Opera Nordfjord

Frå oppsetjinga av Tryllefløyten i 2011. Foto: Stig Høynes.

Frå oppsetjinga av Tryllefløyten i 2011. Foto: Stig Høynes.

Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter initiativ frå kunstnarparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich. Operaen har sidan starten hatt årlege framsyningar av store oppsetjingar på Nordfjordeid, og har også turnert til andre stader på Vestlandet.

Operaen baserer seg på profesjonelle kunstnarar i dei berande rollane, og amatørsongarar/musikarar frå Nordfjord og Sunnmøre i dei øvrige rollene.

Operahus

I 2005 vart det gjort vedtak om å byggje eit nytt operahus like ved Eid vidaregåande skule på Mel. Operalaget har samarbeidd med skulen om prosjektet, fylkeskommunen og staten er med på finansieringa. Bygget vart teke i bruk i 2009. Kulturminister Trond Giske var til stades på opninga i mai, og dronning Sonja såg den første operaforestillinga i nybygget i oktober 2009.

Operahuset på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Operahuset på Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Operaopplæring

I 2006 starta Nordfjord Internasjonale Operaverkstad, eit kurs for 20-30 studentar i operasong på master- og hovudfagnivå, og med internasjonalt kjende operasongarar som instruktørar. I tillegg driv Opera Nordfjord ulike former for samarbeid med skulane i nærleiken om skulekonsertar, kostymesaum, kulissar, hår/sminke, PR/marknadsføring o.s.b.

Opera Nordfjord vart i 2013 tildelt målprisen til Sogn og Fjordane mållag.

Opera Nordfjord har vekt operainteressa hjå folk i Sogn og Fjordane. Foto: Simon Solheim, NRK.

Opera Nordfjord har vekt operainteressa hjå folk i Sogn og Fjordane. Foto: Simon Solheim, NRK.

Oppsetjingar:

:1998: Flaggermusen (Strauss) :1999: La Traviata (Verdi) :2000: La Boheme (Puccini) :2001: Elskovsdrikken (Donizetti) :2002: Operagalla :2002: Figaros bryllaup (Mozart) :2003: Tosca (Tosca) :2004: Den glade Enke (Lehar) :2005: Rigoletto (Verdi) :2006: Eugene Onegin (Tsjaikovsky) :2007: Jegerbruden (Weber) :2008: Hertuginna av Chicago (Kalman) :2009: Carmen (Bizet) :2010: Norge-Brasil - ein opera. Om VM-kampen i fotball i 1998, med tekst av Are Kalvø og musikk av Helge Førde :2011: West Side Story (musikal av L. Bernstein) og Tryllefløyten (Mozart) :2012: Madam Butterfly. 2013: Flaggermusen (Strauss). 2014: Søner av sola - I puritani (Bellini, omsett til nynorsk av Jostein Avdem Fretland).

Frå Norge-Brasil - ein opera. Foto: Kjellrun Lavik, NRK.

Frå Norge-Brasil - ein opera. Foto: Kjellrun Lavik, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 09.06.2015