Hopp til innhold
X
Innhald

Oppgangssag på Os

Eidselva ved Os. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eidselva ved Os. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Også på garden Øvre Os nede ved elveosen vart midt på 1600-talet bygd eit større sagbruk.

Peder Hansen Lemmechen som eigde garden, bygde dam i ei sideelv til Eidselva for å ha som sagvatn. I Eidselva bygde han ei demme med steinkar for å samle opp tømmer som vart fløyta ned elva.

Peder Lemmechen budde truleg på nordsida av elva, på garden Osnes (noverande Plassen), og dreiv også handel der. Men etter at Peder Lemmechen døydde i 1704, vart sagbruket på Øvre Os lagt ned.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.01.2011