Hopp til innhold
X
Innhald

Oslo-universitet eigde gardar i Eid

Hallsteinslid på Haugen var eigd av Universitetet i Oslo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hallsteinslid på Haugen var eigd av Universitetet i Oslo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det kongelige Fredriks Universitet vart skipa i Oslo i 1811. I 1826 fekk det som seinare er kjend som Univeristetet i Oslo, skøyte på to gardar på Haugen.

I 1808 hadde den rike presten Claus Finde fått hand om to gardar i Hallsteinslid og Lien på Haugen. Jordeigedom og gardar var den tids «sparepengar», og det var for å hjelpe det nye universitetet fram at Finde gav det skøyta på gardane på Hauge saman med ein del anna jordegods. Også garden Nesbakk ved Hornindalsvatnet og Starheimsæter på Stårheim var med i gåva. Ikkje lenge etter gåva vart gardane av brukarane som dreiv dei – for Lien sitt vedkomande i 1847.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 14.02.2011