Hopp til innhold
X
Innhald

Othto Albert Blehr

Skipa i 1874 «Fjordenes Blad» (Fjordabladet) (sjå Aviser og media i Eid).

Othto Albert Blehr (1847-1927), jurist og Venstre-politikar. Konst. sorenskrivar for Richter i Nordfjord 1872-1876. Busett m.a. på Nordfjordeid, Førde og Lærdalsøyri.

Skipa i 1874 «Fjordenes Blad» (Fjordabladet) (sjå Aviser og media i Eid).

Var også ein av skiparane av Eid Handelsforening (handelslag) 1874 (sjå Industri og næring i Eid).

Vart 1877 sakførar i Lærdal, der han ei tid var redaktør for Sogns Tidend (sjå Aviser og media i Lærdal og kona Randi Blehr). 1888 kst. fut i Sunnfjord og Nordfjord med bustad på Bruland i Førde, 1889 lagmann i Hålogaland og frå 1903 stiftsamtmann i Kristiania.

Vararepresentant frå Nordre Bergenhus til Stortinget 1880-1882, og fast repr. frå same amt 1883-1888. Stortingsrepr. frå Nordland 1895-97. Statsminister i Stockholm 1891 og 1898-1902. Statsminister 1902-1903. Statsråd 1915 og 1917-20. Statsminister 1921-22.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.03.2008