Hopp til innhold
X
Innhald

Ottar Starheim

Ottar Starheim med bokversjonen av Fylkesleksikon Sogn og Fjordane, som kom ut i 2009. Foto: Rune Fossum, NRK.

Ottar Starheim med bokversjonen av Fylkesleksikon Sogn og Fjordane, som kom ut i 2009. Foto: Rune Fossum, NRK.

Ottar Starheim (1946-2012) frå Stårheim, busett i Førde. Journalist, redaktør og forfattar. Journalist i Fjordenes Tidende og Verdens Gang. Programsekretær NRK Møre og Romsdal 1968-1975. Etablerte NRKs avdeling i Sogn og Fjordane, Førde, 1975. Distriktssjef for NRK Sogn og Fjordane 1978-1990.

Redaktør og forfattar av NRKs «Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane», og har m.a. skrive fleire lokalhistoriske bøker.

Starheim har vore formann i Stårheim ungdomslag og Måløy ungdomslag, nestleiar i Måløy Idrettslag, leia bygginga av Førde Skisenter 1983, styremedlem Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 1990-1993, og var styreleiar i Førde Næringsutvikling 1991-1993 og styremedlem 1993-1995.

Han vart tildelt Presseprisen for Sogn og Fjordane i 1999 og 2003.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 18.05.2012