Hopp til innhold
X
Innhald

Øyvind Botn

Øyvind Botn, fødd 1928, frå Stårheim. Biletkunstnar og skribent. Han debuterte i 1953 i nasjonal samanheng med separatutstilling i UKS, Oslo 1973.

Han har sidan vore representert fleire gonger på fellesmønstringar som Høstutstillingen, Vestlandsutstillinga, Distriktsutstillinga, og har hatt mange separatutstillingar, m.a. jubileums-utstilling i Sogn og Fjordane Kunstmuseum i 2003.

Botn var på 1950-1960-talet ein flittig novellist i «Magasinet for alle», og har gjeve ut diktsamlinga «Mellom dag og natt».

Sambuar med Elisabeth Steen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011