Hopp til innhold
X
Innhald

Pål Oliverson Heggen

Pål Oliverson Heggen (1869-1947) frå Heggjabygda. Bonde og bjørnejeger.

Pål Oliverson Heggen (1869-1947) frå Heggjabygda. Bonde og bjørnejeger.

Han gjekk i daglegtale for Pål Heggja, og skaut truleg sju bjørnar og kring 200 hjortar i si levetid. I 1896 skaut Pål ein av bjørn på Lidaryggen, i 1900 ein bjørn i Åsane, og i 1901 eller 1902 ei binne ved Grøndalshornet.

To ungar som binna hadde med seg, fekk han ikkje has på. Før han kom på skothald hadde Pål då lista seg eit langt stykke utan sko på. Den siste bjørnen som Pål Heggja skaut, felte han ved Grønevassenden. Årstalet på denne siste bjørnen som vart skoten kring Heggjabygda, er truleg 1902 eller 1903.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011