Hopp til innhold
X
Innhald

Peder P. Oos

Peder P. Oos sat i tysk fangenskap i åtte månader.

Peder P. Oos sat i tysk fangenskap i åtte månader.

Peder P. Oos (1914-2006) frå Nordfjordeid. Kjøpmann, organisasjonsmann og Høgre-politikar. Examen artium og Bergen Handelsgymnasium 1935. Gjekk inn i familieforretninga P. O. Oos A/S og leia den i mange år.

Arrestert under krigen

Arrestert av tyskarane i 1941 skulda for spionasje og sat seks månader i Falstad leir.

Aktiv i samfunnet

Formann i Eid Idrettslag i 14 år og æresmedlen i laget, medlem av styret i Sogn og Fjordane forballkrets i 10 år, sekretær i Fjordane Skikrins, medlem av NRKs lokale programråd, først for Ålesund og deretter Bergen i til saman 20 år.

Medlem av styret for Eids Privatbank og i representantskapen i Bergens Kreditbank. Medlem av Eid kommuestyre i åtte år, derav fire i formannskapet. I eldre år sanka Oos eit stort lokalhistorisk materiale som delvis er publisert gjennom avisartiklar o.a.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.01.2011