Hopp til innhold
X
Innhald

Peder R. Finde

Peder R. Finde (ca. 1675-1739) frå Gloppen, busett på Nordfjordeid. Prost og stor jordeigar. Han ætta frå den styrtrike Førde-presten Peder Jørgenson Finde.

Peder R. Finde var presteson, og tok sjølv presteutdanning i København frå 1696. Vart først prest i Selje før han vart sokneprest i Eid frå 1709 til han døydde i 1739. Han var også ei tid prost i Nordfjord.

Finde slo etter kvart under seg store jordeigedomar i Davik og Eid, delvis ved kjøp av krungods som den dansk-norske kongen måtte selje unna for å betale krigsgjeld. Finde tapte store materielle verdiar då prestegarden på Nordfjordeid brann i 1721.

Sjå også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.03.2008