Hopp til innhold
X
Innhald

Per A. Haavik grossist- og agenturforretning

Per A. Haavik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Per A. Haavik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Per A. Haavik grossist- og agenturforretning på Nordfjordeid, grunnlagt 1946 av Per A. Haavik (fødd 1923 i Volda).

Han dreiv m.a. direkteimport av daglegvarer, og bygde etter kvart opp den største grossistforretninga i Sogn og Fjordane, og eitt av dei største grossistfirma mellom Bergen og Ålesund, med kundar frå Førde i sør til Ørsta i nord, og mot Otta i aust. Firmaet hadde forretningsbygg og lager i Eidsgata og i Øyane, og 18 tilsette på det meste.

Vareleveransar på Vestlandet frå Førde til Ørsta, og heilt til Otta i Gudbrandsdalen. På det meste hadde firmaet ei årsomsetning på 35 mill. kroner.

Firmaet måtte i 1995 gje tapt i tevlinga med dei store matvarekjedene, og vart såleis den siste lokale grossistforretninga i daglegvarebransjen i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.01.2011