Hopp til innhold
X
Innhald

Per A. Haavik

Grossistfirmaet gjekk inn i 1995 som det siste i sitt slag i  Sogn og Fjordane.

Per A. Haavik, (1923-2013) frå Volda, busett på Nordfjordeid. Grossist. Han grunnla i 1946 grossistfirmaet Per A. Haavik på Nordfjordeid. Han bygde opp firmaet til eitt av dei største grossistfirma mellom Bergen og Ålesund, med kundar frå Førde i sør til Ørsta i nord, og mot Otta i aust.

Grossistfirmaet gjekk inn i 1995 som det siste i sitt slag i Sogn og Fjordane.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.10.2013