Hopp til innhold
X
Innhald

Post og telegraf i Eid

Posthus vart skipa på Nordfjordeid 1860, på Naustdal 1867, og Stårheim 1880.

Nordfjordeid fekk rikstelegrafstasjon 1887, og var lenge den einaste i Midtre og Indre Nordfjord. Rikstelefonstasjon kom same stad 1900, men privatselskapet Nordfjord Telefonselskap hadde sidan 1893 drive eit avgrense telefonnett mellom Nordfjord-bygder.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 20.03.2009