Hopp til innhold
X
Innhald

Posten i Eid

Postkontoret og telegrafstasjonen på Nordfjordeid på 1920-talet. Kunden til venstre er Karl Os. Kvinna er Johanne Myklebust (Post-Johanne). Mannen i luka til høgre er truleg postmeister Smith. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Første postkontoret kom på Hundeide

Hundeide fekk postopneri i 1841 i samband med at det vart starta ei ny «bipostrute» som kom frå Rebakken i Breim og ut til Ryssfjæra.

Nordfjordeid

- sjå Første postkontoret kom på Hundeide.

Det første postkontoret på Nordfjordeid heldt til i dette huset. Ukjend fotograf, foto utlånt frå Historisk galleri, Lars Lunde.

Det første postkontoret på Nordfjordeid heldt til i dette huset. Ukjend fotograf, foto utlånt frå Historisk galleri, Lars Lunde.

Hundeide

– sjå Første postkontoret kom på Hundeide.

Naustdal

fekk postopneri i 1868 med Paul Paulsen Nøstdal som første postopnar. Styrarvervet vart verande i same slekta i over 100 år. Dei første åra var postadressa til dette postopneriet «Starem», men dette vart i 1883 endra til «Nøstdal i Nordfjord». I 1891 vart det endra til «Naustdal i Nordfjord». Postopneriet vart lagt ned i 1970 og innordna under Nordfjordeid.

Tidlegare postbod Knut Naustdal. Han vart den siste som var postbod med Naustdal som utgangspunkt, dei siste yrkesaktive åra køyrde han posten ut frå Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare postbod Knut Naustdal. Han vart den siste som var postbod med Naustdal som utgangspunkt, dei siste yrkesaktive åra køyrde han posten ut frå Nordfjordeid. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stårheim

fekk postopneri i 1883 med landhandlar Rasmus D. Halvorsen som første styrar. Han bygde eige posthus ved handelssetet og dampskipskaia i Stårheimsvik. Samstundes vart det tidlegare «Stareim postopneri» i nabobygda Naustdal endra til postadressa «Nøstdal i Nordfjord». Postkontoret på Stårheim er lagt ned og innordna under Nordfjordeid.

Kjølsdalen

fekk postopneri i 1892 med Johan Hallstensen Kjøllesdal som første styrar. Fram til 1921 var postadressa «Kjøllsdalen». I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 som postkontor C. Postkontoret er lagt ned og innordna under Nordfjordeid.

Holmøyane

fekk postopneri i 1897 med skulestyrar Ole M. Holmø som første styrar. Postadressa var då «Holmøiene», og kontoret fekk levert posten tre gonger i veka med dampbåten «Dølen». I 1921 vart namnet på postopneriet endra til «Holmøyane». I 1973 vart det underpostkontor, og i 1977 såkalla postkontor C. Postkontoret vart lagt ned i 1997.

Heggjabygda

fekk postopneri i 1897 med namnet «Heggebygden» og med gardbrukar Mathias T. Heggen som første styrar. Det var dampbåten «Dølen» som frakta posten ut til bygdene kring Hornindalsvatnet. Namnet vart endra til Heggjabygda i 1921. Postopneriet vart lagt ned i 1965.

Hennebygda

fekk postopneri i 1900 med Mads J. Henden som første styrar. Poststempelet fram til 1921 var «Hennebygden». I 1973 fekk det status som underpostkontor og i 1977 som postkontor C. Det vart lagt ned i 1981 og innordna under postadressa «Lote».

Sørland

fekk brevhus i 1901 med namnet «Mørkesæter». Namnet vart endra til «Sørland» i 1907. Brevhuset vart lagt ned i 1980 og innordna under Nordfjordeid.

Lote, der det var postkontor i det raude huset fram til 1995. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lote, der det var postkontor i det raude huset fram til 1995. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lote

fekk brevhus i 1901 med adressa «Lote i Gloppen». Det endra status til postopneri i 1908 med Anders M. Lothe som første styrar. Kontoret vart lagt ned i 1995.

Nor i Nordfjord

fekk postopneri i 1912. Det var Jakob Nord som hadde ekspedisjonen for dampbåten «Dølen» i vestenden av Hornindalsvatnet, som vart første postopnar. Postopneriet vart lagt ned i 1960.

Navelsaker

fekk brevhus i 1913. Det vart lagt ned i 1966.

Bjørlo

fekk brevhus i 1914. Det vart lagt ned i 1925.

Lefdal

fekk brevhus i 1922, med adresse «Lefdal i Nordfjord». I 1930 vart det omgjort til postopneri med poststempel «Levdalsbygda». Det vart lagt ned i 1970 og innordna under Bryggja.

Haus

fekk brevhus i 1927 med Olav Haus som styrar. Det vart omgjort til postopneri i 1938 med ektemaken Karoline (Kalla) Haus som styrar. Kontoret vart underpostkontor i 1973 og postkontor C i 1977, og lagt ned og innordna under Kjølsdalen i 1981.

Torheim

postopneri vart skipa i 1943 med Sverre I. Torheim som første styrar. Det vart lagt ned i 1971 og innordna under Nordfjordeid.

Hunvik

fekk brevhus i 1960. Det vart lagt ned i 1974 og innordna under Nordfjordeid.

Postkontoret på Nordfjordeid heldt i 2007 til i Statens bygg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postkontoret på Nordfjordeid heldt i 2007 til i Statens bygg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Over til Post i butikk

På 1990-talet starta Posten på ei omlegging der først dei minste postkontora vart lagde ned og erstatta av posttenester i butikk. Seinare kom turen til større kontor. I 2012 var det att berre fire postkontor i Sogn og Fjordane: Nordfjordeid, Florø, Førde og Sogndal.

I juni 2012 opna Stortinget for nedlegging av dei fleste av dei attverande kontora. I Sogn og Fjordane betyr det at kontora på Nordfjordeid, Florø og Sogndal vart lagde ned innan 2014. For Nordfjordeid sin del skjedde det måndag 27. januar 2014. Førde blir dermed den einaste staden med postkontor i fylket. I heile landet blir det att 30 postkontor.

Siste dagen for postkontoret på Nordfjordeid, 27. januar 2014. Frå venstre regionleiar Astrid Gjerde, dagleg leiar Ole Tom Myroldhaug, og Dagrun Bjørhovde, som har hatt postkontoret som sin arbeidsplass sidan 1970. Foto: Harald Kolseth, NRK.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014

Sist oppdatert: 28.01.2014