Hopp til innhold
X
Innhald

Postvegen over Hunvikskaret

Vasslidbrua på den gamle postvegen mellom Naustdal og Bjørkedalseidet på Sunnmøre. Foto: Geir Haugen.

Vasslidbrua på den gamle postvegen mellom Naustdal og Bjørkedalseidet på Sunnmøre. Foto: Geir Haugen.

Det lokale embetsverket og militærvesenet som sat spreidd i kringom i dei nordlege bygdene på Vestlandet, hadde trong for ein nokolunde jamn og trygg postgang. På slutten av 1700-talet vart difor Den trondhjemske Postvei bygd mellom Bergen og Trondheim. I Sogn og Fjordane vart den teken fullt i bruk i 1795. Postvegen gjekk etter ruta Gulen-Leirvik-Dale-Førde-Jølster-Reed-Utvik-Faleide-Hornindal og vidare nordover til Hellesylt, der postsekken kunne skyssast vidare nordover med robåt. I 1823 vart det i tillegg sett opp ei postrute som gjekk nordetter vestlandskysten. I Selje vart bergensposten frakta over Mannseidet til Sunnmøre. Frå Eide i Moldefjorden ved Selje vart post som skulle innover til Nordfjord, send med landpostbod gjennom Rimstaddalen og ned til robåtskyssen som venta på Bryggja. Denne rodde ”Nordfjord-ruta” enda i Utvik der den korresponderte med ruta langs Den trondhjemske Postvei.

Hunvikskaret med fjellet Gjegnalunden på sørsida av Nordfjorden i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hunvikskaret med fjellet Gjegnalunden på sørsida av Nordfjorden i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postvegen over Bjørkedalseidet

Men nokre av dei viktigaste statlege funksjonane i Nordfjord var samla i Eid: Sorenskrivarkontoret låg på Løkja og militærvesenet hadde hovudsete på Nordfjordeid. Dessutan sat det ein sorenskrivar i Volda som gjerne ville ha raskare postgang. Dette var grunnen til at det i 1826 vart opna ein ny postveg over Hunvikskaret og gjennom Hjelmelandsdalen i Eid kommune. Denne ruta korresponderte med Den trondhjemske Postvei på Rebakken ved Breimsvatnet. Derfrå vart postsekken skyssa ut til Ryssfjæra, rodd over fjorden til Hunvik, derifrå med postsekken på ryggen over Hunvikskaret til Hundeide og vidare med robåt nord om fjorden til sorenskrivargarden på Løkja (Leikvin). Frå Løkja gjekk postsendinga nordover mot neste sorenskrivar i Volda gjennom Hjelmelandsdalen og Bjørkedalen.

Den gamle postvegen over Bjørkedalseidet med mange vakre kvelvingsbruer er halden ved like som ein populær sykkelveg og fotturveg.

Skogrekruttskulen byggjer bru i Årøyane i Hjelmelandsdalen i 1935 under leiing av kaptein Sefland. © Fylkesarkivet.

Skogrekruttskulen byggjer bru i Årøyane i Hjelmelandsdalen i 1935 under leiing av kaptein Sefland. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.01.2011