Hopp til innhold
X
Innhald

Prestekjolane frå Holmøyane

Ola Pederson Lindsem var ein skjåkværing som slo seg til i på Skådiøyra i Innvik i 1764.

Det vert fortalt at då han og kona gjekk vestover over Jostedalsbreen, bar han den tre år gamle guten sin i ei kornhit på ryggen. Ola var såkalla «finskreddar», og då sonen Per Olson Lindsem bygsla seg ein plass og slo seg til i Holmøyvik noko seinare, tok han opp skreddaryrket etter faren. Dei reiste rundt på gardane, tok mål av folk og sauma ferdige kleda før dei drog vidare til neste gard i same ærend.

Både far og son vart «hoffskreddar» for prestane i Nordfjord når dei skulle ha seg ny prestekjole.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.11.2008