Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmussen Hotell

Smørdals Bakeri heldt til i det kvite huset til venstre , tidlegare Rasmussens Hotell til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Smørdals Bakeri heldt til i det kvite huset til venstre , tidlegare Rasmussens Hotell til høgre. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rasmussen Hotell vart starta i 1911 av ekteparet Anna f. Grodås og Hjalmar Rasmussen. Anna dreiv det vesle hotellet og kafè, medan Hjalmar var bakar. Hotellet vart drive fram til 2. verdskrig.

Bakeriet endra seinare namn til Smørdal og Rasmussen Bakeri og var i drift heilt til 1990-talet. Siste eigar var danske Jeppesen, og bakeriet heitte då Den danske Baker.

I nabobygget til Rasmussen Hotell dreiv Chr. Larsen eit bakeri og konditori. I dette bygget kom seinare også ei lite hotell som kalla seg Sørensen Hotell, og det var i dette bygget at bakeriutsalet til Smørdal og Rasmussen heldt til.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.01.2011