Hopp til innhold
X
Innhald

Reiselivsbedrifter i Eid

Nordfjord Hotell har sidan opninga i 1974 vore den største og viktigaste overnattingsverksemda i Eid kommune. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Hotell har sidan opninga i 1974 vore den største og viktigaste overnattingsverksemda i Eid kommune. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtalane er ordna etter startår:

Rasmussens Hotell

vart starta i 1911 av ekteparet Anna f. Grodås og Hjalmar Rasmussen.

Nordfjord Ungdomsheim

vart grunnlagt 1947 på Nordfjordeid av Norges Kristelege Ungdomsforbund.

Hoddeviks hotell

- sjå Nordfjord Ungdomsheim.

Bryggen Hotell Nordfjord

skipa 2005 – sjå Forretningsfamilien Lefdal og Nordfjord Ungdomsheim.

Stigedalens Fjellhytte. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stigedalens Fjellhytte. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stigedalens Fjellhytte

på Tua vart bygd ca. 1948 av Marte B. Skrede. Marte fødd 1892 vart kalla «Marte på Tua» i daglegtale. Ho vart seinare gift med Rasmus H. Vedvik som også tok del i drifta av kaféen og pensjonatet i Stigedalen. Marte dreiv fjellstova til ho døydde. Drifta vart etter nokre års stillstand teken opp att av nye eigarar, men lagt ned kring 1990.

Yris Hotell

Vilhelm Yri (1846-1917) overlet 60 år gamal hotelldrifta i heimbygda Olden til sønene og starta med hotelldrift på Nordfjordeid i 1909.

Starheimsvik Kafé

vart starta i 1956 av Bergit Starheimsvik. Ho dreiv ei tid også pensjonat. Kaféen vart lagt ned i 1990.

Harpefossen Fjellstove

Harpefossen Fjellstove i Hjelmelandsdalen vart bygt i 1965 av Kristian Kjørstad. Fjellstova ligg ved foten av det som etter kvart utvikla seg til Harpefossen skisenter, med heisar, alpinbakkar, lysløyper m.m.

Nordfjord Hotell

vart opna i 1974 og var eigd av eit «folkeaksjeselskap» av næringdrivande i Eid.

Sentrum Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sentrum Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sentrum Hotell

på Nordfjordeid vart opna i 2006 med Hayrullah og Jan Azar Karadas som eigarar. Dei hadde tidlegare drive eit motell i same bygget, der dei også har utleigebutikk for selskapsklede.

Stokkenes Gjestegard

vart bygd like ved Nordfjord Golfklubb si bane på Stokkenes i 2007. Eigarar er Svein Fjørtoft og Pål Tore Jakobsen. Gjestegarden har forsamlingslokale og fire gjestehusvere.

Stokkenes Gjestegard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stokkenes Gjestegard. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Campingplassar og hytteutleige i Eid

Harpero Camping i Hjelmelandsdalen, Kjørstad Hytteutleige i Hjelmelandsdalen, Nesjartun Camping på Nes, Smørdal Hytteutleige & Camping i Hjelmelandsdalen og Årskogvika Camping på Lote.

Smørdal Hytteutleige & Camping i Hjelmelandsdalen.

Smørdal Hytteutleige & Camping i Hjelmelandsdalen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.02.2011