Hopp til innhold
X
Innhald

Reksnes-kone berga seg frå bjørnen

Den vesle elva på Reksnes vest i Eid kommune går gjennom eit trangt jøl. Segna fortel at ein bjørn ein gong gjekk til åtak på ei svanger kone like ved elva.
Ho berga seg ved å kaste av seg plagg etter plagg medan ho sprang ned til elva, slik at bjørnen skulle verte hefta ved plagga. Ho nådde velberga ned til Reksneselva, og der vassa ho nedetter slik at bjørnen skulle miste sporet av henne. Men då ho var komen ned i det djupaste jølet, oppdaga bjørnen henne. Han sette utfor stupet og slo seg i hel. Slik berga den svangre kvinna livet. Liknande historier om svangre kvinner som berga seg ved å kaste plagg for plagg kan du også lese om under Bremanger kommune og Vik kommune. Mest truleg er desse sogene difor det ein kallar vandrehistorier: Segner med eit felles opphav som vert fortalde om att i lokale variantar.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 05.05.2007