Hopp til innhold
X
Innhald

Riksveg 15 gjennom Eid

Riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Måløy hadde lenge svært dårleg standard, men frå slutten av 1990-talet har det vore gul midtstripe på strekninga. Foto: Arild Nybø, NRK.

Riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Måløy hadde lenge svært dårleg standard, men frå slutten av 1990-talet har det vore gul midtstripe på strekninga. Foto: Arild Nybø, NRK.

Til grendene på sørsida av Hornindalsvatnt hadde det i lang tid vorte bygd bygdevegar både frå aust og vest, men det var først i 1911 at det var samanhengande veg langs stranda slik at ein kunne køyre mellom Nordfjordeid og Stryn. Då var den siste strekninga mellom Nor og Holmøyvik ferdig. Men mykje av denne vegen var smal og bygd utan skikkeleg berelag. Så då fiskeeksportørane i Måløy ut på 1960-talet tok til å frakte fisken med trailerar austover, hende det ofte at bilane stod faste når teleløysinga sette inn i Skredestranda. Riksvegen Stryn-Nordfjordeid opna som to-felts veg langsmed Hornindalsvatnet i 1992. Byggearbeidet hadde då gått sidan 1966, då ein hadde starta på parsellen Nordfjordeid-Hjelle. På strekninga langs Hornindalsvatnet går riksvegen under fonnløpa i fire store tunnelar - frå vest mot aust: Lisjejøltunnelen 219 meter, Marajøltunnelen 855 meter, Breisvortunnelen 1382 meter og Kongenestunnelen 1118 meter - alle opna i 1992.

Frå vegarbeidet langs Hornindalsvatnet i Holmøyane. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Frå vegarbeidet langs Hornindalsvatnet i Holmøyane. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Vegen Stårheim-Kjølsdalen

Frå eldgamle tider har det gått ein ride- og drifteveg vestover frå Nordfjordeid til Stårheim. Einskilde stader, som på Rød og i Orheimsvik, kan ein enno finne merke etter denne vegen. I 1890 reiste formannskapa i Eid, Selje og Davik krav om at det måtte byggjast veg frå Stårheim og heilt vestover til Ulvesundet – det vil i praksis seie til Deknepollen ved Måløy. Men kravet fekk ikkje støtte i vegnemnda i fylket. Det fekk halde med ein rideveg på denne strekninga, meinte dei. I 1890 vart likevel parsellen Stårheim-Kjølsdalen prioritert for både stats- og fylkestilskot. Denne vegstrekninga vart bygd som bygdeveg i åra mellom 1910 og 1916.

Vegarbeidarar på anlegget mellom Kjølsdalen og Ervik i 1926. Frå v. Per K. R. Ramsefjell, Ola Ervik, Anders Bjørkelo, Martin Gillesdal, Arne Ervik, Kristian Gillesdal og Anders Ervik. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Vegarbeidarar på anlegget mellom Kjølsdalen og Ervik i 1926. Frå v. Per K. R. Ramsefjell, Ola Ervik, Anders Bjørkelo, Martin Gillesdal, Arne Ervik, Kristian Gillesdal og Anders Ervik. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Tyskarane opna Måløy-Nordfjordeid

Vegarbeidet vestover frå Kjølsdalen starta i 1922, delvis finansiert som naudsarbeid. Vegen var ferdig ut til Haus i 1928. Derfrå gjekk det ferje til Maurstad. Sambandet til Maurstad vart gjennombrote i Vindfylla i 1938. Då krigen kom stod det berre att nokre korte parsellar mellom Bryggja og Deknepollen. Siste parsellane på riksvegsambandet Nordfjordeid-Måløy vart formelt overleverte i 1950, men det hadde skjedd mykje før den tid: Det allierte commandoradiet mot Måløy 3. juledag 1941 kom som eit sjokk på tyskarane. Den lokale kommandoen for dei tyske styrkane i Måløy og kanonane på Tangane sat då på Nordfjordeid og utan mulegheiter til å sende forsterkningar ut til kysten. Etter Måløyraidet la difor tyskarane mykje inn på å forsere vegsambandet mellom Nordfjordeid og Måløy. Dei bygde difor ein mellombels veg over Almenningsfjellet i Vågsøy som seinare vart avløyst av ein vel 300 meter lang tunnel. Dette sambandet vart opna i 1943.

Kongenestunnelen har gjort riksveg 15 mellom Stryn og Nordfjordeid langt tryggare. Før tunnelane i Skredestranda vart bygd var vegen svært rasutsett. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kongenestunnelen har gjort riksveg 15 mellom Stryn og Nordfjordeid langt tryggare. Før tunnelane i Skredestranda vart bygd var vegen svært rasutsett. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ny veg med gul midtstripe Kjølsdalen-Bryggja vart opna på slutten av 1990-talet, m.a. med to tunnelar mellom Kjølsdalen og Lefdal: Erviktunnelen på 679 meter mellom Ervik og Kjølsdalen og Vindfylletunnelen på 1083 meter lengst vest. Erviktunnelen er utstyrt med fortau slik at skuleborna frå Ervik kan gå trygt til skulen i Kjølsdalen.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.01.2011