Hopp til innhold
X
Innhald

Riksvegen Nordfjordeid-Volda

Leivdøla bru på Stigedalsvegen. Foto: Sivert Sefland.

Leivdøla bru på Stigedalsvegen. Foto: Sivert Sefland.

Stigedalsvegen, som den vert kalla på folkemunne, var ferdig frå Hjelle til Straumshamn i 1932.

Frå Straumshamn gjekk det ein båt som m.a. kunne ta ombord eit par bilar når dei stod på tvers over dekk. Den kommunale bygdevegen mellom Straumshamn og Folkestad vart teken i bruk i 1912. Men den var smal og dårleg og hadde berre klasse som kjerreveg. Det skulle gå fleire år før den vart teken opp som riksveg.

Også mellom Folkestad og Volda gjekk det båtrute av same type som den på Straumshamn. Først i 1936 vart det skipa eit ferjeselskap som sette inn bilferje mellom Folkestad og Volda.

Både frå Folkestad og Straumshamn gjekk det «Stigedalsruter» med kombinerte vare- og passasjerbilar sørover til Nordfjord. Ein av dei som køyrde desse rutene var Ingebrigt Naustdal (sjå Naustdal Auto A/S).

I 2004 vart eit omfattande utbetringsarbeid på Stigedalsvegen avslutta, slik at det meste av vegen mellom Nordfjordeid og Volda fekk god standard.

Frå opninga av nyevegen over Stigedalen i 2004.

Frå opninga av nyevegen over Stigedalen i 2004.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 31.01.2011