Hopp til innhold
X
Innhald

R.L. Bergset AS

R. L. Bergset si forretning. Huset er bygt i 1911. Foto: Ottar Starheim, NRK.

R. L. Bergset si forretning. Huset er bygt i 1911. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ragnvald Bergset (1899–1980) grunnla i 1925 saman med broren Olav bedrifta Brødrene Bergset på Nordfjordeid.

Forretninga har sidan starten halde til i huset som Lars Bergset, faren til dei to brørne, bygde i 1911. Han dreiv som militærskreddar på Nordfjordeid. I dette huset var det både kafé og offisersmesse, og her starta Rasmus Sunde (sjå Forretningsfamilien Sunde) manufakturforretning i 1917 og dreiv der til han bygde eige bygg i 1924. Då Sunde flytta ut, starta brørne Ragnvald og Olaf Bergset manufaktur- og skoforretning sjølve.

Ragnvald Bergset overtok etter nokre år forretninga åleine under firmanamn R.L. Bergset AS. Sonen Lidvard Bergset tok over forretninga i 1974. Forretninglokala vart mykje utvida med påbygg i 1960, 1984 og 1992. Frå 1976 har Bergset drive eiga forretning med barne- og ungdomskle i leigde lokale i nabobygga. I 1992 kjøpte Bergset bygget på nabotomta frå Arild Bjørlo og nytta det til utviding av forretninga.

I 2012 vart huset rive for å gje plass til eit bustadkompleks.

Bergsethuset vert rive i april 2012. Foto: Harald Kolseth, NRK.

Bergsethuset vert rive i april 2012. Foto: Harald Kolseth, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 18.04.2012