Hopp til innhold
X
Innhald

Roald Grodås

starta som lastebilsjåfør i heimbygda Hornindal i 1930 og hadde m.a. mange brøyteoppdrag kringom i bygda.

Då han like etter krigen gifta med ei kvinne frå Heggjabygda og flytta dit, starta han også trelasthandel. Først leigde han sag, men bygde sidan si eiga. Han køyrde også «smørruta» for Firda Margarinfabrikk kringom i Nordfjord i mange år. Då Roald døydde i 1976, tok sonen Roger Grodås over firmaet og driv leigekøyring m.a. for Saga Boats i Selje og eigen trelasthandel på Nordfjordeid.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 19.06.2008