Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Orheim

Rolf Orheim. Foto: Dag Frøyen.

Rolf Orheim. Foto: Dag Frøyen.

Rolf Orheim (1929-2005) på Stårheim, busett i Florø. Journalist og Arbeidarparti-politikar.

Arbeidde som journalist og redaksjonssekretær i Firdaposten 1953-1997, og var i periodar også kst. redaktør.

Mangeårig leiar av Flora Arbeidarparti 1970-1980, i fire periodar medlem av bystyre og fire år formannskap, der han var gruppeleiar. Styreleiar m.a. i Kystmuseet for Sogn og Fjordane.

Forfattar av "Fjordane Politimeisterembete 100 år 1898-1998 (2003). Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Æresmedlem av Sogn og Fjordane Journalistlag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 20.05.2010