Hopp til innhold
X
Innhald

Ronny Hafsås

Ronny Hafsås jublar etterå ha vunne verdscuprenn i langrenn på Beitostølen i desember 2009. Foto: Cornelis Poppe.

Ronny Hafsås jublar etterå ha vunne verdscuprenn i langrenn på Beitostølen i desember 2009. Foto: Cornelis Poppe.

Ronny André Hafsås fødd 1985 frå Stårheim. Skiskyttar og langrennsløpar. Ein av dei fremste løparane i det aktive skimiljøet i Stårheim.

Han vart junior-noregsmeister i langrenn i 2002, og var med på det norske stafettlaget som tok gull under ungdoms-OL i skiskyting i Slovenia i 2003, og på gullaget under Junior-VM i Frankrike i 2004. Noregsmeister i spesiallangrenn for junior i 2003.

Hafsås tok gull på stafetten i junior-NM 2005 saman med Magnus Brendehaug, Hardbagg idrettslag og Tarjei Bø, Stryn.

Han vann sprinten i junior-NM i skiskyting i 2006, og var deltakar på vinnarlaget frå Sogn og Fjordane i same meisterskapen saman med Magnus Brendehaug og Tarjei Bø. Han vart nummer fem på 15 kilometer langrenn i senior-NM 2007.

Verdscupsiger i langrenn

I desember 2009 tok han sin første verdscupsiger i langrenn, då han vann 15 km friteknikk på Beitostølen, og han vart teken ut til det norske OL-laget i langrenn. Men i OL i Vancouver vart han hemma av sjukdom, han vart nummer 42 på 15 km friteknikk, og måtte stå over stafetten.

I NM 2010 i langrenn tok han sølv på 15 km friteknikk.

I 2010 tok han bronse på sprinten i U-26-EM i skiskyting.

Gav opp skiskyting

I 2012 gav Hafsås opp skiskyttarkarrieren etter to år med sjukdom og motgang. I staden satsa han for fullt som langrennsløpar og melde seg inn i Lillehammer skiklubb/Team Birken.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 07.06.2012