Hopp til innhold
X
Innhald

Røvarhola ved Kjølsdalen

Fruhellaren er eit hole oppe i fjellet mellom Ervik og Kjølsdaslen.

Her skal Fredrik Ervik ha gøymt seg etter at han vart dømd til døden for å ha «besovet» tremenningen Jertrud Jupegjerda. Slikt vart rekna for blodskam i dei dagar. Men Fredrik greidde å rømme frå lensmannskjellaren på Davik og gøymde seg i Fruhellaren. Seinare vart dommen omgjort til bortvising.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 02.02.2009