Hopp til innhold
X
Innhald

Rovdyrsoger i Eid

Hans Holmøy vart skadd i kamp med bjørn, og det inspirerte kunstnaren Adolph Tidemand til å måle Bjørnejegerns tilbakekomst.

Hans Holmøy vart skadd i kamp med bjørn, og det inspirerte kunstnaren Adolph Tidemand til å måle Bjørnejegerns tilbakekomst.

Reksnes-kone berga seg frå bjørnen

Den vesle elva på Reksnes vest i Eid kommune går gjennom eit trangt jøl. Segna fortel at ein bjørn ein gong gjekk til åtak på ei svanger kone like ved elva.

Ulven utrydda hjorten

I retteleg gamle dagar skulle det vere mykje hjort i skogane på nordsida av Nordfjord. men så kom det ein periode då ulvestammen voks og nærmast utrydda hjorten.

Ulvegjerde på Stårheim

I 1846 løyvde kommunane på søre Sunnmøre fem specidalar til Peder Berstad i Selje for at han skulle setje opp ……..”en Ulvestænge fra Staresvigen i Nordfiord til Stensvigen på Søndmøre”. (Dette er kortaste strekninga frå fjord til fjord mellom Nordfjord og Sunnmøre). Men gjerdet var til lita hjelp, for i 1847 melde bladet ”Postbudet” i Volda at ulven hadde drepe 10 kyr og to hestar i Syvde. I Kjølsdalen skal ein ha sett far etter ulv i snøen så seint som i 1863.

Bjørnejakt i Heggjabygda

I Heggjabygda ved Hornindalsvatnet var dei mykje plaga av bjørn i gamle dagar.

Hans Holmøy i kamp med bjørnen

Les meir om kampen mellom arbeidsskulestyraren i Holmøyane og bjørnen under Hans Holmøy.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011