Hopp til innhold
X
Innhald

Samferdsle i Eid

Bussar frå Nordfjord og Sunnmøre Billag klare til avgang ved Yris Hotell på Nordfjordeid rundt 1950.

Bussar frå Nordfjord og Sunnmøre Billag klare til avgang ved Yris Hotell på Nordfjordeid rundt 1950.

Gamle drifte- og ferdslevegar

Nokre av dei viktigaste driftevegane som féhandlarane nytta på det nordlege Vestlandet, gjekk gjennom Eid kommune. Gjennom åra har hundrevis av bufé vorte jaga over Lotsskaret på veg mot Sogn og Austlandet.

Postvegen over Hunvikskaret

Sorenskrivarkontor på Løkja og militært hovudsete på Nordfjordeid gjorde at Den trondhjemske Poste vei i 1826 vart lagd over Hunvikskaret og Bjørkeldalseidet.

Riksveg 15 gjennom Eid

Til grendene på sørsida av Hornindalsvatnt hadde det i lang tid vorte bygd bygdevegar både frå aust og vest, men det var først i 1911 at det var samanhengande veg langs stranda slik at ein kunne køyre mellom Nordfjordeid og Stryn. Då var den siste strekninga mellom Nor og Holmøyvik ferdig.

Riksvegen Nordfjordeid-Volda

Stigedalsvegen, som den vert kalla på folkemunne, var ferdig frå Hjelle til Straumshamn i 1932.

Snøskred på vegen til Navelsaker.

Snøskred på vegen til Navelsaker.

Navelsaker

på nordsida av Hornindalsvatnet fekk veg i 1955. Vegen har vore sterkt utsett for snøras.

Heggjadalsvegen

frå Heggjabygda ved Hornindalsvatnet og til Austefjorden i Volda var ferdig i 1963. Anlegget vart starta som bureisingsveg på 1930-talet, og seinare vart anlegget for det meste finansiert ved sysselsetjingsmidlar.

Lotetunnelen.

Lotetunnelen.

Lotetunnelen

på 2857 meter vart opna for vanleg trafikk i 1966. På den tida var Lotetunnelen ein av dei lengste vegtunnelane i landet, og var for si tid ein samferdslerevolusjon i Nordfjord.

Bygdevegar på sørsida

Bygdevegen på sørsida av Eidsfjorden heilt fram til Torheim på sørsida vart opna i 1967. Vegen mellom Hundeide og Torheim vart bygd i etappar: Sørland fekk vegsamband austover midt på 1950-talet og Hamnes kring 1960, og i 1967 kunne ein køyre heilt til Torheim. Vegen frå Hundeide til Hunvik over Hunvikskaret vart opna som bilveg tidleg på 1980-talet, men då hadde vegen vorte bygd i fleire etappar, m.a. med hjelp frå ei pengeinnsamling som vart stelt i stand gjennom lokalavisa «Fjordabladet».

Hundeide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hundeide. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vegsamband Lote–Stryn

Vegen mellom Lote og Hennebygda vart opna i 1980, og i 1981 vart skuleborna frå Hennebygda førde over til barne- og ungdomsskulane på Nordfjordeid.

Vegkontoret på Nordfjordeid

Fram til 1964 var Statens Vegvesen organisert med avdelingskontor med eigen overingeniør og planavdeling for Nordfjord på Nordfjordeid.

Ferdsla på fjorden i Eid

Nordfjordeid fekk rutestopp av Fylkesbaatane heilt frå den første Nordfjord-ruta med " D/S Fjalir" starta i 1859.

DS ”Kommandøren” ved kai i Naustdal tidleg på 1900-talet. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

DS ”Kommandøren” ved kai i Naustdal tidleg på 1900-talet. Foto: Isak Hellebust. © Fylkesarkivet.

Lokal rutetrafikk i Eid

- godstransport på vegane, og ruter på Hornindalsvatnet.

Ekspressruter i Eid

Fylkesbaatane starta i 1971 ekspressbåtrute mellom Eid og Bergen, og i juni 1975 starta Nordfjord og Sunnmøre Billag i samarbeid med Ottadalen Kommunale Billag og NSB den første ekspressbussruta frå Nordfjord til Oslo.

Eid fekk ikkje flyplass i Bjørlomona, men alt i 1920 landa sjøflyet Phoenix på Eidsfjorden. Det skjedde i samband med overlevering av den såkalla Nordfjordgåva frå nordfjordingar som hadde utvandar til Amerika. Foto: Isak Hellebust.

Eid fekk ikkje flyplass i Bjørlomona, men alt i 1920 landa sjøflyet Phoenix på Eidsfjorden. Det skjedde i samband med overlevering av den såkalla Nordfjordgåva frå nordfjordingar som hadde utvandar til Amerika. Foto: Isak Hellebust.

Flyplassplanar

I kampen om lokalisering av ein småflyplass for Nordfjord tidleg på 1970-talet, vart Bjørlomona ca. fem kilometer aust for Nordfjordeid vurdert saman med Markane i Stryn. Valet fall på Anda i Gloppen, då John A. Austrheim var samferdsleminister.

Knut Naustdal tilhøyrer ei slekt som har vore postfunksjonærar i fleire generasjonar. Postkontoret på Naustdal i Eid var i huset bak han. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Knut Naustdal tilhøyrer ei slekt som har vore postfunksjonærar i fleire generasjonar. Postkontoret på Naustdal i Eid var i huset bak han. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Posten i Eid

Hundeide fekk postopneri i 1841 i samband med at det vart starta ei ny «bipostrute» som kom frå Redbakken i Breim og ut til Ryssfjæra.

Telegraf og telefon i Eid

Nordfjordeid fekk rikstelegrafstasjon 1887, og var lenge den einaste i midtre og indre Nordfjord. Les og om graffarane (telefonarbeidarane) frå Kjølsdalen.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.03.2011