Hopp til innhold
X
Innhald

Sander Smørdal

Sander Smørdal. Foto: Scanpix.

Sander Smørdal. Foto: Scanpix.

Sander Smørdal, fødd 1985 i Eid, busett i Bergen. Symjar og sportsjournalist. Starta som medlem av Eid Symjeklubb, og vart medlem i Bergenssvømmerne då han flytta til Bergen.

Sander Smørdal slo gjennom på nasjonalt plan som juniornoregsmeister på 50 meter fri i 2003, og tok i same meisterskapen sølv på både 100 og 200 meter fri. Han har m.a. gode plasseringar i internasjonale stemne, og vart Noregsmeister på både 50 meter og 100 meter fri under senior-NM 2006. I tillegg tok han tre stafettgull saman med lagkameratar i Bergenssvømmerne i same meisterskapen.

Under kortbane-NM i 2007 tok Smørdal i alt åtte medaljar, m.a. gull på både 50 og 100 meter fri, og i NM i 2008 tok han sølv på 50 og 200 meter fri og bronse på 100 meter fri. Under NM i 2009 tok han gull på 50 meter fri langbane, og på 100 meter fri vart det sølv.

EM-deltaking

Dette året sletta Smørdal ein 19 år gamal norsk rekord, då han symde inn til 48,40 på 100 meter fri. Han kvalifiserte seg og til deltaking i EM i Tyrkia, men kom ikkje til semifinalen.

I kortbane-NM i 2010 tok han sølv på 50 meter fri i tillegg til ein gullmedalje og tre sølvmedaljar på stafettar. I langbane-NM 2010 tok Smørdal bronsemedaljar på 100 meter fri og 50 meter fri, i tillegg til tre sølvmedaljar på stafettar.

Sette punktum med NM-gull

I 2011 flytta Smørdal til Australia for å satse vidare som symjar, men satsinga gav ikkje resultat, og i november 2011 sa han frå at symjekarrieren var over. Men han stilte likevel opp i kortbane-NM i 2012 og tok gullmedalje på 50 meter fri. I tillegg tok han bronse på 100 meter fri, og i stafettane vart det tre gullmedaljar og to sølvmedaljar for Bergenssvømmerne. Totalt har han dermed ti individuelle NM-gull (eitt av dei som junior) og 12 stafettgullmedaljar.

Også i kortbane-NM i 2013 stilte Sander Smørdal opp, og nok ein gong drog han heim med NM-gull. Han vann både 100 meter fri og 50 meter fri, i tillegg vart det tre sølvmedaljar i stafettar.

I 2012 tok Smørdal til som sportsjournalist i TV2.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 15.04.2013