Hopp til innhold
X
Innhald

Segna om Hornklova

Mørkesetfjellet på andre sida av Eidsfjorden med Stårheimstunet i framgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mørkesetfjellet på andre sida av Eidsfjorden med Stårheimstunet i framgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjellet mellom Sørland og Torheim ytst på halvøya mellom Eidsfjorden og Isefjorden vert kalla både Mørkesetfjellet og Hornet. Like ved toppen er det ei endelaust djup kløft som vert kalla Hornklova.

Etter segna vart kløfta skapt av ei arg heks som hadde vore ute på Hornelen og feira jonsoknatta saman med andre hekser frå Nordfjord. Då dei skulle heimatt, viste det seg at det vart ein sopelime for lite til å ri på. Ei anna heks var då snar og treiv den siste sopelimen og la på flog innover fjorden og landa på Gjegnalunden. Heksa som vart ståande att, vart då så arg at ho sende lynkuler etter heksa som stakk av med sopelimen.

Den eine lynkula trefte Hornet og laga Hornklova. Kløfta skal vere så djup at ein ikkje høyrer at stein som vert sleppt nedi, fell til botnar. Segna seier at ein gong ein hund fall ned i sprekka kom han to dagar etter ned til gardane på Sørland. Då var han oppskrubba og mest utan hår.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011