Hopp til innhold
X
Innhald

Segna om sigershuva frå Nor

Rasmus Olson Nord, bror til den kjende handelsmannen og stortingmannen Erik O. Nord, var soldat i krigen mot svenskane i 1814.

I slaget ved Matrand i Østfold 5. august 1814 vart ein mann frå Volda skoten og fall over Rasmus. Etter slaget fann Rasmus Nord tre kuler i matskreppa si. Desse bar han støtt på seg seinare. Segna ville ha det til at grunnen til at kulene ikkje råka Rasmus Nord, var at han var fødd med «siger» eller «sigershuve». Eit stykke av dette «sigeret» – ein amulett - hadde mora skore inn i overarmen på den nyfødde Rasmus.

Sonedottera fortalde seinare at ho sjølv hadde sett arret på overarmen til bestefar Rasmus. Då Rasmus Nord døydde og låg på likstrå, låg dei tre kulene og «sigeret» på ei hylle like ved liket.

Fleire gonger høyrde folket i huset skarpe smell frå hylla. Først då dei la kulene og «sigeret» ved kista, vart det stilt.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 07.05.2008