Hopp til innhold
X
Innhald

Segner frå Eid

Oppe i fjellet ved Skårhaugsetra midt på biletet skal det ha budd ei høgætta kvinne ein gong i tida. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppe i fjellet ved Skårhaugsetra midt på biletet skal det ha budd ei høgætta kvinne ein gong i tida. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hovdinggrava i Kjølsdalsfjella

Ei segn fortel at det ein gong skal ha stått eit slag mellom nordfjordingar og sunnmøringar ved fjellet Dua. Nordfjord-hovdingen fall under slaget, men ingen har funne grava hans hittil.

Våpenskjoldet frå Lote

som vart sendt til København og vart borte.

Adelsdame som eremitt?

Høgt oppe i fjellet over Skårhaug på nordsida av Eidsfjorden skal det ein gong i tida ha budd ei høgætta kvinne.

Segna om Hornklova

Fjellet mellom Sørland og Torheim ytst på halvøya mellom Eidsfjorden og Isefjorden vert kalla både Mørkesetfjellet og Hornet. Like ved toppen er det ei endelaust djup kløft som vert kalla Hornklova.

Gamal brur i Heggjabygda

I gamle dagar var det viktig å verte ”godt gifte”. Hadde ein utsikter til å finne ei jordajente eller ei gifteklar enkje på brukande gard, så såg ein heller lett på om den vordande ektemaken var gamal.

Dorte-kista på Skipenes

På 1600- og 1700-talet budde det handelsborgarar og rikfolk på garden Skipenes. I tunet stod det lenge ei diger, jarnskodd kiste som vart kalla Dorte-kista.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.02.2011