Hopp til innhold
X
Innhald

Send oss dine gamle bilete!

KAMPANJEN ER AVSLUTTA, OG DET ER DERFOR IKKJE MOGLEG Å SENDE INN FLEIRE BILETE. TUSEN TAKK FOR ALLE BIDRAG!

Fjellklatrarar på veg opp til Eide gard i Skjolden. (Foto © Fylkesarkivet) NRK Sogn og Fjordane skal lage ei nettutstilling med gamle bilete. Der kan du bidra med bilete frå di eiga samling. Fram til sommaren tek vi derfor i denne omgangen i mot bilete frå 1800-talet til og med 1. verdskrig.
Av:

Arild Nybø

KAMPANJEN ER AVSLUTTA, OG DET ER DERFOR IKKJE MOGLEG Å SENDE INN FLEIRE BILETE. TUSEN TAKK FOR ALLE BIDRAG!

Kva vil vi ha?

Kva kan vi ikkje ta i mot?

Det vi først og fremst ønskjer er situasjonar, gjerne daglegdagse gjeremål, men også bilete frå storhendingar i Sogn og Fjordane. Vi er dessutan glade for å få oversiktsbilete over bygder eller tettstader, og frå samlingar i lag og organisasjonar. Med andre ord: Bilete som har interesse for andre enn næraste slekta. Du kan også bla i Fylkesleksikon, og sjå om du finn personar eller emne der du sit med eit høvande bilete.

Kva kan vi ikkje ta i mot?

Vi har ikkje høve til å ta i mot bilete som hovudsakleg er av interesse for dei alle næraste, til dømes reine portrett og familiebilete som er teke i fotostudio. Unntaket er sjølvsagt om nokon av personane er kjende, og er t.d. omtala i Fylkesleksikon. Vi tek heller ikkje i mot bilete av private bustadhus eller gardsbruk o.l. om ikkje huset eller dei som budde der på noko vis er omtala i Fylkesleksikonet, eller på annan måte bør vere interessant for resten av fylket.

Korleis levere bileta?

Viktig å hugse på

Om ein av personane på eit portrettbilete er omtala i Fylkes-leksikonet, så tek vi gjerne i mot det også. (©Fylkesarkivet) Aller helst vil vi ha bilete som er scanna eller avfotograferte i god kvalitet og høg oppløysing digitalt. Skriv «Gamle bilete» i emnefeltet. Skriv «Gamle bilete» på konvolutten og send papirbilete, negativ, ljosbilete eller CD-ROM/diskett til: Fylkesleksikon NRK Sogn og Fjordane Postboks 100 6801 Førde Større bilete bør leverast til NRK Sogn og Fjordane direkte, adressa er Prestebøen 1 i Førde (ved Angedalsvegen, vel hundre meter etter lyskrysset i retning Førdehuset og sjukehuset). Innleverte bilete kan hentast i resepsjonen til avtala tid.

Viktig å hugse på

Legg eit notat ved biletet der du skriv ein liten tekst om motivet. Skriv også namn, returadresse og telefonnummer. Dessutan må vi vite om du vil ha biletet returnert i posten eller om du har høve til å hente det sjølv. Normalt vil det gå minst ein månad frå vi får biletet til det er klart til henting.

Kva skjer med biletet?

Når vi har motteke biletet scannar eller avfotograferer vi det, og legg etter kvart ein liten versjon av biletet ut på internett saman med litt tekst, namn på fotografen og den som har lånt oss biletet. Deretter er originalen klar til å bli returnert på beste måte.

Bilete frå arbeidssituasjonar tek vi gjerne i mot. (Foto © Fylkesarkivet)

Bilete frå arbeidssituasjonar tek vi gjerne i mot. (Foto © Fylkesarkivet)

Digital kopi

Om ønskjeleg kan du som bidragsytar få med deg ein digital kopi t.d. på CD-ROM og/eller ei papirutskrift av biletet, slik at motivet er sikra for framtida.

Andre vilkår

Innsendaren må samtykkja i at NRK Sogn og Fjordane vederlagsfritt får bruka bileta på sine nettsider. NRK Sogn og Fjordane kan ikkje ta ansvar for bilete som vert skadde når dei er sende som vanleg post.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 05.05.2007