Hopp til innhold
X
Innhald

S.H. Nesbakk AS

Samuel Nesbakk.

Samuel Nesbakk.

Samuel Nesbakk starta på slutten av 1930-talet skiproduksjon på Nes ved Hornindalsvatnet saman med broren Oddmund.

Dei produserte mellom anna ski til heimestyrkane under krigen, og kunne kome opp i 150 par i året. Samuel Nesbakk bygde seinare opp ei stor røyrleggjarverksemd på Nordfjordeid: S.H. Nesbakk AS.

I Eid produserte elles Bjørlo Trevarefabrikk ein del ski, og kjende skimakarar elles var Hans Seljebakk og Arne Halsteinslid. Halsteinslid var kjend for å byggje gode slalåmski.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 18.01.2012