Hopp til innhold
X
Innhald

Sigvart Høines

Sigvart Høines og kona.

Sigvart Høines og kona.

Sigvart Høines (1878–1966), frå Stårheim. Misjonær og naturlege.

Arbeidde som misjonær for Frelsesarmeen i Afrika. Utdanna seg til naturlege i USA, og som ein av Noregs første «moderne» naturlegar starta han sin eigen kurheim på Ask i Askøy ved Bergen i 1931. Han dreiv Ask Helseheim til han døydde.

I 1971 kjøpte Midhordland indremisjon eigedomen frå enkja Olivia Høines, og sidan har eigedomen vorte nytta til alders- og sjukeheim av Askøy kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.01.2011