Hopp til innhold
X
Innhald

Siv Jørstad

Skrivargarden Leikvin

Siv Jørstad fødd 1929 i Oslo, busett på Løkja og i Askvoll. Biletkunstnar og gallerist. Gift med Inge Rotevatn frå Volda (fødd 1931).

Skrivargarden Leikvin

Tok i 1974 over den freda, men forfalne sorenskrivargarden «Leikvin» på Løkja saman med ektemaken. Eigar var då Eid kommune. Siv Jørstad la saman med mannen ned eit stort arbeid ved restaurering av den store trebygningen frå 1700-talet på i alt 600 kvadratmeter.

Leikvin Kultursenter

Frå 1976 og i 20 år dreiv ekteparet Leikvin Kultursenter i bygningen, med kunstutstillingar, konsertar osb. I den gamle fjøsbygningen vart det seinare opna eit museum for jordbruksreidskapar.

Prisløna

Ekteparet har fått Fylkeskulturprisen og Eid kommune sin kulturpris for arbeidet sitt på Skrivargarden Leikvin.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.06.2010